Oslo Poesifestival 2010




INGER BRÅTVEIT
(f. 1978) er frå Suldal. Ho debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den fekk ho Nynorsk litteraturpris, og ho vart kåra til «Årets debutant» på Forfatterne.net. Boka er også blitt omsett til svensk. Ho har vore medredaktør av litteraturtidsskriftet Vagant, og arbeider no som omsetjar for Det Norske Bibelselskap sitt prosjekt «Bibel 2010», ein fullstendig revisjon av nynorsk- og bokmålsutgåva av Bibelen. Bråtveit har sidan 2008 arbeidd saman med den norske musikaren og skribenten Jenny Hval aka Rockettothesky. Dei har mellom anna skrive og framført dei performative førestillingane Frå Mummy Big til Medea og Take My Voice. Hausten 2008 kom Bråtveits andre roman Siss og Unn, ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne. For den vart ho nominert til Kritikerprisen. I 2009 fekk ho Bjørnsonstipendet. Hausten 2009 utga Bråtveit Loveprosjekt saman med Cecilia Hansson – «ei dialog-poetisk undersøking av kjærleiken og seksualiteten, ein lyrisk dokumentar om kjærleikens kraft og krevjande transportetappar. Og om spennet mellom det som har vore demd opp og halde att, og det som kan, må og skal sleppast ut. Loveprosjekt er ein vekselsong mellom to språk, der to poetiske røyster kryssast og smeltar saman i eit unikt og umetteleg univers».